Hopp til innhold

Programleiar Hans Olav Brenner, Fosse-biograf Cecilie Seiness og teatersjef Hanne Tømta samtalar om dramatikar og 60-årsjubilant Jon Fosse.

Ikke i salg

Fosse-salong

Programleiar Hans Olav Brenner, Fosse-biograf Cecilie Seiness og teatersjef Hanne Tømta samtalar om dramatikar og 60-årsjubilant Jon Fosse.

Velkommen til Fosse-salong, der du kan bli betre kjent med den lågmælte og folkesky diktaren frå Strandebarm. For kva er det med Jon Fosse? Kvifor treff hans poetiske realisme lesarar og publikummarar over heile verda?

Jon Fosse er ein av verdas største nolevande dramatikarar. Han har skrive over 30 teaterstykke og er sett opp meir enn tusen gonger over heila verda. Han har i dei siste 40 åra skrive dramatikk, romanar, dikt, barnebøker, essay og journalistikk, han har omsett og gjendikta, er sjølv omsett til over 50 språk og vert nemnd i samband med Nobelprisen i litteratur.

I 2019 fyller Jon Fosse 60 år, og dette er òg året for eit anna jubileum: Det er 25 år sidan det første teaterstykket av Jon Fosse hadde premiere. Ved Nationaltheatret har stykka hans blitt sette opp 23 gonger sidan Barnet hadde urpremiere under Ibsenfestivalen 1996.

Du møter teatersjef Hanne Tømta, programleiar Hans Olav Brenner, som no lagar Fosse-dokumentar for NRK, og Cecilie N. Seiness, som er redaktøren til Jon Fosse på Det Norske Samlaget og har skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord.