Velkommen til Introduksjon av Natta syng sine songar med dramaturg Olav Torbjørn Skare.
Ikke i salg
Introduksjon til Natta syng sine songar
Velkommen til Introduksjon av Natta syng sine songar med dramaturg Olav Torbjørn Skare.
Heilt sidan Jon Fosses gjennombrot på midten av 90-talet, har Nationaltheatret sett opp ei rekkje av skodespela hans, og vore med på å styrke posisjonen hans som «nasjonal» dramatikar.
Dramaturg Olav Torbjørn Skare har jobba med fleire av Fosse-framsyningane dei siste åra, og vil snakke om Fosses utvikling og posisjon som dramatikar gjennom åra. Du vil óg få høyre meir om regissør Laurent Chétouanes særeigne arbeidsform, og korleis arbeidet med Natta syng sine songar skil segfrå fleire av dei tidlegare oppsetjingane hans på Nationaltheatret.
Dette er den femte oppsetjinga Chétouane gjer på Nationaltheatret, men det er første gong han set opp samtidsdramatikk – etter omdiskuterte, men feira oppsetjingar av Molière, Ibsen, Shakespeare og Holberg.
Introduksjonen er gratis og open for alle, óg dei som ikkje skal sjå framsyninga denne kvelden.