Hopp til innhold
125 år

Konsert: Sliteneliten

Sekstetten Sliteneliten tok bygd og by med storm med sitt no utselde sjølvtitulerte debutalbum i 2021.

No er bandet tilbake med oppfølgaren «Me kan'kje sei nei te da som e bedre».

Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få.

Albumet er som eit musikalsk 1. mai-tog, med parolar som «nei til gruvedumping i fjordane» og «ja til sekstimers arbeidsdag». Men sjølv om «Me kan'kje sei nei te da som e bedre» er eit politisk album, byr Slitenelitens tekstunivers på mykje meir enn proklamatoriske kampsongar. Her finnes òg genuine skildringar av eksistensiell angst, tru og tvil.

Med eit grumsete komp pynta med tverrfløyte og fele blir tanken fort sendt i retning før 00-tallet til band som Amtmandens Døtre, Ym-Stammen og Tramteatret. Det har òg blitt kviskra om The Raincoats blant publikum. Samstundes er ikkje Sliteneliten noko nostalgisk «alt-var-betre-før»-band. Få norske band har den same evna til å ta pulsen på si eiga samtid og skildre korleis det er å skulle greie seg som ung vaksen i ein tidsalder prega av kriser.

Visningstider
Advarsler
Dørene åpner kl. 21.30 og bandet går på kl. 21.45. Konsertbillett kun 130 kr. Har du allerede teaterbillett denne kvelden? Da er konserten inkludert.

Dette er Sliteneliten:

Sliteneliten består av odelsjentene Synneva Gjelland (gitar, vokal, piano) og Thea Marie Kvam (trommer), gartnar Silje Strøm (tverrfløyte), lyddesignar Ylva Gülpinar (gitar) og studentane Inga Haugdahl Solberg (fele) og Maria Refsland (bass).

Opplev mer på Økernsenteret

Forestilling

Døden på Oslo S

Bli med og heng i det nedlagte kjøpesenteret på Økern, hvor du kan kjøpe en matbit og en øl og oppleve en musikalsk hyllest til de som står på utsida, til den upolerte undergrunnen – og til kjærligheten.

Les mer
Arrangementer

Døden på Oslo S: Arrangementer

Våren 2023 stod i Økernsenterets tegn! Døden på Oslo S handlet ikke bare om teater, men også debatter, samtaler, konserter, UngKveld-er og et titalls introer!

Les mer

Støttet av:

SparebankstiftelsenDNB.jpg Logo_frittord.jpg ├ÿkernSentrum_Logo_Black.png