Ro mitt hav
Ro mitt hav med Anne Marit Jacobsen og Sinikka Langeland er en varm og humoristisk forestilling basert på Jon Fosses tekster.
Les merI bileta til Jon Fosses sambygding Åse Ljones blir noko som før var i det skjulte, i det tause, så å seie møysommelig arbeid fram i mønster av gjentaking og variasjon.
I hennar bilete blir det eg kjenner som mitt eige, det tause men alltid nærværande i den verd der eg voks opp, gjort synleg, trekt fram, slik at eg når eg ser bileta hennar, ser noko som eg liksom har visst om at var der utan likevel å vite om det fordi eg aldri før har sett det framstilt i sin vakre essens.
Sting for sting, sting inn i ei rørsle av tapt venleik som ingen andre veit om, ein venleik som ingen andre kjenner til, og som derfor må gjenvinnast, og derfor må gjerast, derfor må arbeidet møysommelig fullførast, dag etter dag, med gjentakningar, jamme sting, sting som manar fram denne uforklarlege skimringa. Ufråkommeleg, ubegripeleg. Og vakkert.
Åse Ljones' fintmerkande stø hand viser oss gammeldagse og lite verdsette kvinnelege verdiar som omsut ivaretaking, verning og vilje til lys.
Teksten er basert på Jon Fosses essay fra samlingen Gnostiske Essay (1999) om tekstilkunstner Åse Ljones tekstilverk. Det aktuelle teppet brukes også så som sceneteppe i Ro mitt hav.
Ro mitt hav med Anne Marit Jacobsen og Sinikka Langeland er en varm og humoristisk forestilling basert på Jon Fosses tekster.
Les merDu kan sikre deg billetter tidlig, få varsel om nye forestillinger, bli invitert til arrangementer og motta eksklusive tilbud