Hopp til innhold
125 år
Nils Golberg Mulvik som den unge mannen i Natta syng sine songar.

Fotograf: Øyvind Eide

Nils Golberg Mulvik leser bok foran pianoet

Song om kjærleik og død

Jon Fosse vender stadig tilbake til død og sjølvmord i diktinga si. Det gjer han også i teaterstykket Natta syng sine songar, som hadde urpremiere hausten 1997, skriv Fosse-redaktør Cecilie Seiness.

2019 er jubileumsår for forfattaren Jon Fosse. 29. september fyller diktaren frå Strandebarm 60 år, og under bokmessa i Frankfurt i oktober lanserer Fosse eit nytt stort romanverk, Septologien. I dei siste 40 åra har Fosse skrive og skrive. Han har skrive dramatikk, romanar, dikt, barnebøker, essay og journalistikk, han har omsett og gjendikta, er sjølv omsett til over 50 språk og vert nemnd i samband med nobelprisen i litteratur. Særleg kjend er Jon Fosse som dramatikar. I år er det 25 år sidan det første teaterstykket av Jon Fosse hadde premiere. Dramatikken har sidan reist verda rundt og Jon Fosse vart heidra med statens æresbustad Grotten i 2011. Han som kom frå eit småbruk med frukttre i Strandebarm, er no kongens nabo i Slottsparken, mykje på grunn av akkurat teateret.

Nattsvart historie

«Eg held det ikkje ut lenger, nei eg orkar ikkje. Vi kan ikkje leve slik som dette.» Slik opnar Natta syng sine songar. Det handlar om eit ungt par med ein baby. Han har forfattarambisjonar, men er refusert fleire gonger. Han går knapt ut, nærast skyr folk, sit berre inne og les. Det er ho som ikkje held det ut, og ho vaklar etter kvart mellom å verta og å gå, noko som får fatale konsekvensar.

For snart 22 år sidan, 6. september 1997, hadde Natta syng sine songar urpremiere på Rogaland Teater. Den nattsvarte historia har fem roller: Den unge kvinna, Den unge mannen, Mora, Faren og Baste. Stykket markerte starten på Eirik Stubøs sjefsperiode på teateret i Stavanger. Dei første som fylte dei fem rollene, var Marika Enstad, Trond Espen Seim, Ilse Kramm, Alf Nordvang og Robert Skjærstad. Kai Johnsen hadde regien. Johnsen og Fosse var nærast ein teaterduo i starten av Fosses teaterkarriere. Jon Fosse var på denne tida 38 år gammal og allereie ein teatersuksess. For han var dette den sjuande urpremieren på knappe fire år. Dagbladet kalla Natta syng sine songar for «Dukkehjem 1997», og skreiv om Fosse og stykket: «Med Natta syng sine songar på Rogaland Teater framstår han ikke bare som en helstøpt dramatiker, han la også en slags tematisk inspirasjon fra Ibsen skinne klart igjennom.» Fosse hausta ikkje berre lovord, men Aftenposten slo fast: «Fosse har blitt et fenomen. Norsk teater har trykket ham til sitt hjerte. Han skriver i rekordfart og er i ferd med å innta utlandet.»

Ei openberring

I 1997 var Fosse i starten på det som skulle bli ein uventa og underleg internasjonal dramatisk suksess. Fosse debuterte som forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart. Han starta som romanforfattar og lyrikar, var ein smal modernist som fekk både gode og dårlege kritikkar, men han hadde ingen planar om å bli dramatikar. Han var ikkje særleg begeistra for teateret og hadde rykte nærast som teaterhatar. Men ti år etter at Fosse debuterte som forfattar, prøvde han å skriva dramatikk likevel. Fosse tente lite og ingenting på diktinga og trong pengar. Han prøvde seg på dramatikk fordi han fekk ei bestilling på eit stykke, og det glei merkeleg lett å skriva replikkar. Fosse har omtalt det å skriva dramatikk for første gong som «den største openberringa i mitt forfattarliv». Det aller første stykket han skreiv, var Nokon kjem til å kome. Fosse har skildra det slik: «Noko nytt hadde opna seg for meg, i alt sitt velde. Noko eg hadde prøvd å skrive fram i prosaen og i dikta, det var så mykje enklare å skrive fram som replikk, pause, som nærleik og fråstand mellom menneske i ein situasjon, og med den store togna rundt.»

Rasande tempo

Og aldri skal vi skiljast var det aller første Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994. Etter openberringa med Nokon kjem til å kome skreiv Fosse i eit rasande tempo og fekk raskt innpass på dei sentrale scenene her i landet. I 1997, same året som Natta syng sine songar hadde urpremiere, reiste eit Fosse-stykke utanlands for første gong. To år seinare stod Fosse framføre det store internasjonale gjennombrotet. Då vart Nokon kjem til å kome sett opp i Nanterre like utføre Paris. Regissøren var den verdskjende og legendariske Claude Régy. Den oppsetjinga la grunnlaget for Fosses store gjennombrot i Europa. På den tida visste Fosse at eit av dei mest anerkjende tyske teatera, nemleg Schaubühne i Berlin, også skulle spela eit av stykka hans, med premiere på sjølvaste Festspela i Salzburg.

Buing og latter

Natta syng sine songar har sidan starten i 1997 farta rundt og vorte spelt fleire gonger i Frankrike og Tyskland, der Fosse fekk det store gjennombrotet. Men stykket har også vore i blant anna Sverige, Italia, Island, Sveits, Slovenia, Tsjekkia, Austerrike og USA. Stykket har hausta gode kritikkar og komme i hendene på namngjetne regissørar som til dømes Falk Richter. Fosse meiner produksjonen til Richter er ein av dei aller beste nokonsinne av noko han har skrive, og den fekk òg fantastiske kritikkar. Men ikkje alltid har det lykkast. I 2002 vart Nightsongs sett opp på Royal Court Theatre i London. Meldaren i Daily Telegraph meinte opningsreplikken «Eg held det ikkje ut lenger nei, eg orkar ikkje» oppsummerte heile framføringa. Tyske Romuald Karmakar laga spelefilm basert på stykket, Die Nacht singt ihre Lieder. Då filmen vart presentert på filmfestivalen i Berlin i 2004, vart det bua, ledd og ropt, noko som fekk regissøren nærast til å gå amok. Stillare var det då stykket vart sett opp med teiknspråk her i landet av Teater Manu. Den gong vart tittelen endra til Natta lyser sitt mørker.

Sjølvmordet

Jon Fosse har sagt at han skriv om livet, døden, kjærleiken og åndelege sider ved tilværet. Han prøver å skriva så godt og sant som mogleg. Natta syng sine songar er eit klassisk Jon Fosse-stykke på mange vis. Karakterane er historielause og namnlause, språket er kvardagsleg, musikalsk og repeterande. Stykket kan sjå ut som eit familiedrama i det ytre, men peikar likevel mot noko anna. Og det handlar om død, som det så ofte gjer hos Fosse. Allereie som barn opplevde Fosse mange dødsfall. Døden vart tidleg ein del av alt. Og kanskje trur han det er slik at han gjennom diktinga har prøvd å forstå seg på dei ulike dimensjonane i livet. I diktinga vender han også stadig tilbake til sjølvmordet. Sjølvmordet er der i mange av teaterstykka, blant anna i Ein sommars dag og Eg er vinden. Og slik Fosse ser det, så er Natta syng sine songar eit stykke om sjølvmord. «Det handlar jo rett og slett om eit sjølvmord», seier Jon Fosse.

Cecilie N. Seiness er redaktøren til Jon Fosse på Det Norske Samlaget og har skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord.

Skrevet av

  • Cecilie Seiness

    Cecilie N. Seiness er redaktøren til Jon Fosse på Det Norske Samlaget og har skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord.

    Cecilie Seiness