Main menu and utilities

Sophie Reimers som Dagny og Laura Gundersen som Hjørdis i Christiania Theaters oppsetning av Hærmennene på Helgeland på slutten av 1800-tallet.

Fotograf: NT/ukjent

Dei ville jentene

Kristendomen har vike for religiøst mangfald, og jentene er villare enn på lenge. Derfor er me mykje nærare vikingtida i dag enn dei teatergjengarane som Ibsen skreiv for. Det gjer Hærmennene på Helgeland påfallande aktuelt. 

Midt på attenhundretalet var det veldig interesse for vikingtida her til lands. Den nye staten trong ein samlande identitet, eit kollektivt minne om ei ærefull fortid. Historie blei eit viktig fag ved universitetet, og Snorre Sturlasons kongesoger, den eldre Edda og dei islandske ættesogene blei omsette frå norrønt til eit språk som folk kunne forstå.

Det var òg stor etterspurnad etter skodespel om vikingar. Men det kulturskiktet som dreiv med historieforsking og gjekk i teater, skjøna seg lite på det heidenske livssynet, og det var vanskeleg å skapa truverdige rollefigurar. Særleg kom trua på absolutte autoritetar i vegen for det sensuelle og skiftande huglynnet som talar gjennom dei norrøne tekstane.

Skjortesnippar og vikingbrynjer

Det gjeld òg for Hærmændene paa Helgeland (1858). Sjølv om det er skrive av Henrik Ibsen, ein av dei mest framståande dramatikarane i verda, er det ikkje fritt for at dei stive skjortesnippane stikk opp over vikingbrynjene. Og når den stridbare Hjørdis klagar over all urettferda ho har måtta lida, verkar ho først og fremst plaga av eit altfor trongt korsett.

Når dette stykket likevel fortener å bli drege fram or gløymsla, er det både fordi vikingtida er like aktuell no som for hundre og seksti år sidan, og fordi Hjørdis er utforma på grunnlag av valkyrja eller skjoldmøya Brynhild frå dei tusen år gamle eddadikta, ei ung kvinne som er like full av opprør mot det herskande patriarkatet som den argaste feminist.

Gjennom eldringen

For å få kontroll med Brynhild, har guden Odin stengt henne inne bak ein ring av eld og lagt henne i djup dvale. Men drakedreparen Sigurd Fåvnesbane utfører det usannsynlege karstykket å ri tvers gjennom denne eldringen. Der inne finn han noko som han trur er ein sovande mann i full rustning. Han tek av han hjelmen, og ser at det er ei ho. Så skjer han av henne brynja med sverdet sitt, og ho vaknar.

Sigurd er ein heilt annan slags mann enn Odin, og prøver verken å dominera eller forføra Brynhild. Tvert om bed han henne om å læra han visdom. Av årsaker som er like mystiske som tragiske blir ho likevel gift med bestevenen hans, Gunnar, i den tru at det var han som rei gjennom eldringen.

Som i Fight Club

Den eldre Edda forklarer det med at dei bytte utsjånad, korleis no det kunne gå til. Slik identitetsforvirring finst forresten òg i romanen Fight Club av Chuck Palahniuk, der eg-forteljaren og den eventyrlege Tyler Durden viser seg å vera same person. Så unge menn har nok alltid hatt lett for å gå i eitt med den dei beundrar.

Korsom er, Sigurd giftar seg med søster til Gunnar, og dei to ektepara lever side om side heilt til Brynhild får vita at ho er blitt narra. Då blir ho overvelda av attrå og sjalusi, og eggjar Gunnar til å drepa Sigurd. Den sjelefreden ho trudde ho skulle oppnå, får ho likevel ikkje. Etter å ha håna Gunnar med at det hjelper lite å ha store musklar når han ikkje har like strålande auge som Sigurd, stikk ho dolken i sitt eige hjarte.

Hærmændene paa Helgeland er komponert kring den same intrigen. Som i eddadikta heiter dei mannlege hovudpersonane Sigurd og Gunnar, mens Brynhild har blitt til Hjørdis, med den eine foten i vikingtida og den andre i attenhundretalet, blodtørst som ei heidensk skjoldmøy, men utan hennar drift mot heite famntak.

Nærare vikingtida

Mens Ibsen tolka den heidenske fortida ut frå si eiga kristne samtid, har me no gått inn i ein tredje tidsalder der tusen år med kristendom glir over i ei blanding av traust materialisme og religiøst mangfald. Sånn sett er me nærare vikingtida enn dei teatergjengarane som Ibsen skreiv for.

Den unge regissøren Eline Arbo har flytta handlinga til ei framtid der rettstaten ikkje lenger finst, der menneskerettar og moral har gått i oppløysing og kvar må kjempa for seg og sitt. Ved å basera seg på eit gamalt drama som byggjer på ein endå mykje eldre mytologi, kan ho skapa eit vidare og djupare perspektiv enn om ho hadde satsa på eit nyskrive stykke.

Eit varsel

Ein annan grunn til å sjå denne nyoppsettinga av Hærmændene …, er at dette tidlege ibsendramaet er eit varsel om kva som skulle koma lenger ut i karrieren. For den mistilpassa Hjørdis kan kjennast att både i Rebekka i Rosmersholm og i Elida i Fruen fra havet. Og ho er prototypen til Hedda Gabler.

Dessutan avslører ho eit ømt punkt hos diktaren sjølv. Ein gong i barndomen, mens sinnet var mjukt og formbart, må han ha kjent ei jente som var nokre år eldre enn han, ei som imponerte dei andre ungane med frekt språk og utfordrande attitydar. Ho var både fråstøytande og tiltrekkjande, og merkte han for livet.

Kan henda var det ikkje så mykje ved henne når det kom til stykket, slik det heller ikkje er noko tak i Hedda Gabler: Hadde ho hatt det meir enn i kjeften, hadde ho rømt med eit sirkus og briljert som ryttar og skarpskyttar i staden for å flykta inn i ekteskapet. Det skjøna nok Ibsen òg då han var blitt godt vaksen og ikkje lenger var så lett å gjera inntrykk på. Men det avtrykket som den ville jenta hadde sett i sinnet hans, stod att som ei støypeform der alle dei store Ibsen-kvinnene blei til.

Av Solveig Aareskjold, forfattar

Skribent

  • Solveig Aareskjold

    Artikkelen er skrevet av forfatter Solveig Aareskjold.

    Foto: Ferdinand B. Alst/pixelyoursoul.com