Hopp til innhold
125 år
Jon Fosse

Fosse-fest på Nationaltheatret

Laurdag 25. mai feirar Nationaltheatret 60-årsjubilanten Jon Fosse med to versjonar av Natta syng sine songar og ein salong med programleiar Hans Olav Brenner, Fosse-biograf Cecilie Seiness og teatersjef Hanne Tømta.

2019 er jubileumsår for vår største nolevande dramatikar, Jon Fosse. 29. september fyller han 60 år, og Nationaltheatret markerer dette med ei oppsetjing av hans Natta syng sine songar i regi av Laurent Chétouane. Framsyninga har hausta svært gode kritikkar: «Eksistensielt, morsomt – og et frekt scenisk kunstverk. Natta syng sine songar er et perfekt vorspiel til Jon Fosses 60-årsjubileum», skreiv Aftenposten. No utvidar vorspielet seg til ein heil festdag!

Laurdag 25. mai inviterer Nationaltheatret til Fosse-fest, der publikum i tillegg til teatrets eigen versjon av Natta syng sine songar, òg kan oppleve eit gjestespel av stykket frå Præstgar'n i Snertingdal i regi av Maud Monceyron Jonassen. Initiativet til framsyninga er ved Anita Krohn Traaseth og Hans Olav Brenner, som har tatt i bruk garden som eit kulturhus.

Programleiar Hans Olav Brenner produserer i desse dagar òg ein Fosse-dokumentar på NRK, og han møter etter framsyninga i ein Fosse-salong i Publikumsfoajeen, der han samtalar med teatersjef Hanne Tømta og Cecilie N. Seiness, som er redaktøren til Jon Fosse på Det Norske Samlaget og har skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord.

Program for dagen:

  • Kl. 15.00 på Malersalen: Gjestespel av Natta syng sine songar frå Præstgar'n i Snertingdal
  • Kl. 16.30 i Publikumsfoajeen: Fosse-salong
  • Kl. 18.00 på Amfiscenen: Nationaltheatrets Natta syng sine songar