Hopp til innhold
125 år
Bjørnstjerne Bjørnson
Foto av maleri av en eldre Bjørnstjerne Bjørnson, med norsk natur i bakgrunnen

Det tidlaust umenneskelege

Bjørnstjerne Bjørnson er den store nasjonalskalden som knapt blir lest eller sett opp lenger. Kvifor kom han i slik vanlagnad? Bjørnson-biograf Edvard Hoem heiser fana for det tidlaust umenneskelege i Bjørnsons forfattarskap.

Kva er det med Bjørnstjerne Bjørnson? Vi nordmenn finn oss liksom aldri til rette med han. Likevel blir vi ikkje ferdige med han.

I fleire tiår etter sin død var Bjørnson alltid med på nasjonale festdagar, og kvar gong store og små songkor møttest til øving: I by og bygd song ein, unisont og firstemt: Den norske sjømann er et gjennombarket folkeferd! Norrønafolket, det vil fare! Bjørnson var på repertoaret, med lyriske songar og fedrelandssongar, spesielt Ja, vi elsker, som vi framleis høyrer rett som det er, ikkje minst på sportsarrangement vinteren igjennom.

Så vart det kanskje litt for mykje, omtalen av bragdene hans vart for panegyrisk, og dei meir kontroversielle sidene hans måtte slipast ned og strykast ut, slik at han for alltid kunne forbli ein nasjonal helt som heile folket kunne samle seg om. I dikt og drama hadde Bjørnson ein overtone av moralsk indignasjon, som i alle fall generasjonen av 1968 kunne dårleg med, og kanskje seinare generasjonar også! Den nye tida ville helst ikkje ha nokon landsfader i det heile. Mykje av Bjørnsons livsverk er gått i gløymeboka, trass i at hans innsats gjaldt vår historie, og songane hans var våre songar.

Internasjonalisten Bjørnson

Bjørnson var internasjonalist meir enn han var nasjonalist, likevel fekk han ord på seg for å vera provinsielt norsk-norsk. Slik vart det til at det er fleire land i Sentral-Europa som held namnet hans meir i ære enn hans eige fedreland.

Derfor er det all grunn til å glede seg over at Nationaltheatret i 2023 aktar å presentere Bjørnsons beste scenestykke, det store dobbeltdramaet Over Ævne I og II, for publikum. Dramatikken hans har vore så godt som usynleg på norske scenar, når ein ser bort frå Sigurd Slembe som gjekk på Teatret Vårt i Molde i 2010.

Derimot har både det slovakiske nasjonalteatret, Shanghai Theatre Academy og fleire mindre teater synt fram Over Ævne II etter årtusenskiftet. Elles har det vore påfallande stille.

Den bjørnsonske optimismen

Kvifor Bjørnsons dramatikk har fått ein slik vanlagnad i hans eige land, er det ikkje lett å svara på. Ein ting kan det vera rett å minne om: Enkelte tema han tok opp, gjaldt fenomen i hans tid, som ikkje lenger er relevante for oss. Skilte kvinner er ikkje lenger skandaløse outsiderar, foreldreautoriteten er ikkje lenger som han var.

Ein ting til kan også spela inn: Den uforliknelege bjørnsonske optimismen og framtidstrua hans vart i meste laget for menneska i det tjuande hundreåret som opplevde to verdskrigar. Vi kan heller ikkje sjå bort ifrå at meisterskapet til vennen og rivalen Henrik Ibsen kastar lange skuggar over Bjørnsons dramatiske produksjon.

Medan Ibsen fordjupa seg i dei mørke gåtene i menneskesinnet, på ein måte som er like aktuell i dag som den gongen, ville Bjørnstjerne Bjørnson reformere både individet og samfunnet i si eiga tid. Teaterscenen var for Bjørnson ein arena der han kunne ta opp brennande sosiale spørsmål. Kvinnefrigjeringa var ei blant mange kampsaker som stod høgt på hans dagsorden.

Eit barn av februarrevolusjonen

Bjørnstjerne Bjørnson var født i Kvikne i Østerdalen den 8. desember 1832. Fem og eit halvt år gammal reiste han med familien til Nesset i Romsdal, før han som elleveåring vart send til Molde for å gå på latinskole. I Nesset, skreiv han sidan, fekk han dei naturinntrykka som gjorde han til diktar. Som skuleelev i Molde kunne han i mars 1848 lesa om februarrevolusjonen i Paris, som sidan spreidde seg over store delar av kontinentet.

Februarrevolusjonen var borgarstandens revolusjon, med krav om allmenn stemmerett, presse- og forsamlingsfridom og avskaffing av keisaren og adelens makt. Revolusjonen vart slått ned, men kampen heldt fram til dei viktigaste demokratiske reformene kunne gjennomførast, i mange land fleire tiår seinare.

Medan vi ventar på Over Ævne, kan det vera bryet verdt å minne om alt det Bjørnstjerne Bjørnson rakk å utrette utanfor teatret, frå han kom til Christiania i 1850 til han døde på Hotel Wagram i Paris 26. april 1910.

Allmenn stemmerett, likestilling og fredssak

Han var ein av dei fremste arkitektane for det sjølvstendige og uavhengige Norge, som rett nok fekk ei radikal grunnlov alt i 1814. Likevel tok det enda hundre år å kjempe fram elementære rettar som parlamentarisme og allmenn stemmerett, ein felles folkeskule for folk frå alle klassar, avskaffing av husmannsvesenet og større likestilling mellom kvinner og menn. Alle desse spørsmåla tok Bjørnson opp i litterære verk, avisartiklar og talar.

På den internasjonale arenaen kjempa Bjørnson for dei språklege rettane til nasjonale minoritetar, og mot dødsstraff for dei han meinte var uskyldig dømde, i Norge og utanfor landets grenser. Han skreiv i internasjonal presse om justismordet som råka den franske offiseren Alfred Dreyfus. Han kjempa for å få sett fri den italienske adelskvinna Linda Murri, som Bjørnson meinte var uskuldig dømd for drapet på sin eigen mann.

Mot slutten av livet var fredssaka det store temaet i Bjørnsons avisartiklar i fleire land. Han frykta ein storkrig, men han var ikkje lenger i live da den første verdskrigen braut ut.

Religiøs krise

I sitt eige fedreland hadde Bjørnstjerne Bjørnson lagt seg ut med dei fleste religiøse autoritetar da han gjekk laus på helvetesforkynninga, dogmetrua og bibelfundamentalismen etter at han hadde gjennomgått ei stor religiøs krise på slutten av 1870-talet. Over Ævne I spring meir eller mindre ut av denne krisa.

Stykket vart trykt i bokform i 1883 og hadde premiere på Nationaltheatret i åpningsåret 1899. I stykkets innleiande del får vi høyre korleis den sjukelege kona Klara fortel syster si Hanna om ektemannen Adolf Sangs evne til å utrette mirakel:

Klara:
Har barnene ikke fortalt deg … at Sang, når han ber inderlig, får hva han ber om?

Hanna:
At han gjør mirakler, mener du?

Klara:
Ja!

Klara fortel at Sang kan be saman med folk som er langt unna, og det fører til at dei blir friske. Ho fortel om ei gammal preste-enke som var lam da Sang kom til bygda, men som no går til kyrkje kvar søndag.

Da presten i andre scene gjer entré, verkar han ikkje like overtydande på oss. Han ventar at barna Elias og Rakel, som er komne heim saman med tanta, skal be saman ved han ved mors seng, men Hanna avslører at dei ikkje lenger har fars tru. Elias har funne ut at sann kristendom berre er for dei få, utvalde. Medan dette blir forkynt, går det eit stor skred som lausnar og går i retning av kyrkja der Sang sjølv er, men skredet bøyer i siste sekund av, og både presten og gudshuset blir berga på mirakuløst vis. No er det mange som er overtydde om at Sang har overnaturlege krefter. Men i den dramatiske sluttscenen døyr både den sjuke Klara og presten sjølv i eit siste forsøk på å utløyse mirakelet som skal gjera prestefrua frisk.

Impulsar frå moderne forsking

Stykket er ikkje berre prega av Bjørnsons eigen sjelelege strid, men av dei impulsane han fekk frå framståande forskarar i Paris. Bjørnson var opptatt av at ein ved hjelp av vitskapleg gransking kan finne svar på korleis psykiske lidingar oppstår i menneskesinnet og dermed også korleis dei kan lækjast. Mirakeltrua måtte vike til fordel for naturlege forklaringar på sjelelege gåter.

I ein sluttnote i den trykte versjonen av Over Ævne refererer Bjørnson til skrifter av den berømte nevrologen Jean-Martin Charcot, som var eit lysande namn i samtida. Bjørnson gjekkk på førelesingar hos Charcot og diskuterte teoriane hans med venner. Nokre år seinare studerte Sigmund Freud hos Charcot og omsette delar av verket hans til tysk. Slik var Bjørnson opptatt av å la seg inspirere av dei fremste psykologiske autoritetane i sitt eige litterære arbeid.

Naud og streik

I Over Ævne, andet Stykke, er det den uhyggelege sosiale nauda i eit fabrikksamfunn som er temaet. Arbeidarane førebur seg til streik for å få slutt på den herskande orden, men fabrikkeigarane sluttar seg også saman for å hindre at endringar kan skje. Her er det prestesonen Elias Sang som spelar ei avgjerande rolle, da han fyrer av ei dynamittladning som gjer at undertrykkarane styrtar i avgrunnen.

Dei to delane av Over Ævne er i og for seg ulike i tema og motiv, men ved sida av søskenparet Elias og Rakel Sang, som går igjen i begge delane, er det òg mykje som bind dei saman: Nemleg Bjørnsons advarsel mot det ein kan bli freista til å kalle det tidlaust umenneskelege, det grenselause overmotet, eller den religiøse og politiske fanatismen, som set alle menneskelege omsyn til side. Rakel uttrykker det i Over Ævne II, der ho samanliknar sin bror Elias, med faren, presten Sang:

Elias har lidt med mig alt hvad en holder ut at lide, ved miraklets umenneskelighed stuper han op i teorienes …! Nu aner jeg hvordan det er gåt til. Det er ikke nok at sige at nogen har misbrugt hans længsel til at ofre sig. Det forklarer ikke endda at han valgte dette! Nei, her er kommet noget til. De har fåt tak i hans dyrkelse av alt som var i overnaturlig størrelse! Han var som far; de hadde et barnlig sværmeri for det … Hvad ellers lediggjængerne lyster efter, det var hos ham religion. Han så ikke frælsen i at gi fred og lys til millionernes arbejde. Han så den bare i de store karakterer, i de vældige viljer, i de uhyre hænd-elser (…) Ja de har besat hans fantasi med det som var større æn det største. Og han har derved fåt den op i det umænneskelige.

Er det ikkje noko som lyder veldig kjent her, trass i avstanden i tid? Bjørnson ropar til oss: Ver på vakt mot det umenneskelege! Pass dykk for den religiøse fanatismen og den politiske terroren som forkynner at alle middel kan brukast, berre målet er heilagt nok? Det kan koma til å øydelegge oss! Menneska må forsone seg med kvarandre, bygge ei ny og betre verd saman.

To sider av same sak

I den religiøse fanatismen og i terrorismen såg Bjørnson to sider av same sak: Forakt, både for vitskapens framgang og det tålmodige arbeidet for å skaffe millionane fred og betre livsvilkår.

Dermed treffer den for lengst avdøde forfattaren to av dei mest skremmande fenomena i vår eiga tid: Den religiøse fundamentalismen, slik den artar seg blant anna hos ein del av kristenfolket i USA, og den religiøst legitimerte terrorismen, som har prega verda etter det store åtaket på World Trade Center 11. september 2001. Brått blir Bjørnstjerne Bjørnson meir aktuell enn nokon gong.

Skrevet av

  • Edvard Hoem

    Edvard Hoem er forfattar. Mellom 2009 og 2013 ga han ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band.

    Foto: Paal Audestad

    Bilde av forfatter Edvard Hoem.