Main menu and utilities

Fosse om dei håplaust håpefulle

Norsk verdsdramatikk om kunst og livsløgn i ein musikalsk utforskande versjon.  

Han er ein mislykka forfattar. Alt han skriv blir refusert. Men å skrive er det einaste han vil, det einaste han kan. No ligg han stort sett på sofaen og les. Tør ikkje ein gong å gå ut. Det passar dårleg som nybakt far og familiemann. 

Ho jobbar desperat med å skape ein heim, men føler seg isolert og fanga. Det vart ikkje som ho hadde sett for seg. Både han og ho vil noko anna, samtidig som dei veit at dei treng kvarandre. Situasjonen er fastlåst. Kvifor orkar ingen kome på besøk lenger? Og kven liknar den vesle guten eigentleg på?

I 2019 fyller ein av vår tids største dramatikarar, Jon Fosse, 60 år. Natta syng sine songar er eit av hans tidlege stykke, og tar for seg eit ungt par som kjempar og navigerer seg gjennom alt som blir sagt – og ikkje blir sagt.

No møter Fosses poetiske realisme den franske regissøren Laurent Chétouane sitt fysisk og musikalsk utforskande uttrykk. I denne versjonen er den unge mannen ein refusert dramatikar som skriv om eigen familie. Spørsmålet er om han er eit uoppdaga talent, eller ikkje. Har han noko meir å by verda – og familien – på?

Saman med eit knippe skodespelarar skal Chétouane forske i eit scenespråk i grenselandet mellom tekst og partitur, for å gi deg sin heilt særeige versjon av Jon Fosses såre og desperate stykke om dei håplaust håpefulle.

Kunstnerisk lag

Regissør: Laurent Chétouane.

Scenograf og kostymedesigner: Sanna Dembowski.

Lysdesigner: Phillip Gladieux.

Maskør: Wibke Schuler.

Dramaturg: Olav Torbjørn Skare.

Eg held det ikkje ut lenger Nei eg orkar ikkje Vi kan ikkje leve slik som dette Du ligg der og les Du går ikkje ut Du gjer ikkje noko Ikkje har vi pengar Ikkje har du arbeid Ikkje noko har vi

Fra «Natta syng sine songar» av Jon Fosse

Produksjonslag

Produsent: Runi Sveen.

Inspisient: Kine Sørbøe. Scenemester: Kjell Gunnar Høen. Lysmester: Lisa Lind. Produksjonsansvarlig kostymer: Liv M. Tønnessen. Rekvisitør: Eva Hauge. Sufflør: Lise Roesen. Informasjonsansvarlig: Monica Lindanger. Markedsansvarlig: Jan Lier.

Colombine Teaterförlag

Pressebilde

Natta syng sine songar

Av Jon Fosse

Fra venstre: Nils Golberg Mulvik, Ågot Sendstad, Ole Johan Skjelbred, Marte Engebrigtsen og Henrik Rafaelsen.

Foto: Øyvind Eide

Last ned bildet
Nils Golberg Mulvik