Stavanger 1900–2000

Et hundreår til begjær og besvær

Stavanger 1900–2000: Denne byen mellom berg og bonde, hav og hei har konjunkturane herja med på overdreve vis. Når medgongsbølgå lyfta landet, reid siddisane høgare og raskare enn nokon, når landet braut ned i kriså, stupte stavangarane brattare og djubare.

I 1900 var de 32.000 stavangerane pressa samen i ein trongbølt klump mellom Vågen og Breiavatnet med et skarpt skille mot bondeland lenger sør. Hundre år seinare var de blitt 110 000 innen bygrensene. Men bygrensene stoppa ikkje byen i år 2000. Då kraup han på tvers av alle grenser to mil sør for Breiavatnet og ei halve mil sør for Sandnes. Byen på Nordjæren romma då 200 000 innbyggarar og var på god vei til å bli nest størst i landet.

I 1900 låg meste adle de 70 hermetikkfabrikkane, butikkane og kontorå i gangavstand frå der folkå budde. Frå den eine sidå av byen til den andre tog det et kvarter å gå. Hundre år seinare var det meste ein dagsmarsj ud or bybebyggelsen. Då trongst bil til arbeid og butikk. Bykjernen sprakk, og arbeidsplassar og handlemaskinar tøyt ud til Forus midt mellom Stavanger og Sandnes mens de gamle sentrumå krympa til sovebyar og fornøyelsessenter.

Den grenselause byen

Ytre sett gjorde hundreåret Stavanger til ein heilt aen plass. Men någe holdt seg: Byen har alltid vore vende mod verdå! Etter som forskarar fann: I større grad enn hovedstaden. Sjøfolkå sist på 1800-talet drog med seg stavangerhermetikken ud og vende hjem med inntrykk og impulsar frå Biscaya og Shanghai, frå Valparaiso og Calcutta.

Hermetikkfabrikkane fekk verdå som marked. Under den 1. verdenskrigen lagde stavangarane tysksjåvinistiske etikettar til Tyskland og engelskvennlige til England og tjente på det. Slig gjorde krigen at stavangerfolk for fyrste gong tjente meir enn både i Kristiania og byane elles i landet.

Misjonærane drog ud med Ordet og fekk de med seg ord tilbage òg. Så drog de rundt i forsamlingslokalå og fortalde og viste koss det var i land og hos folk så ikkje ligna så møgje på Stavanger. Då kom Madagaskar nermare enn Kristiania.

Bønder i byen

Någe aent så har holdt seg, var oppfattelsen av likeverd - at me er liga gode om me bur på Eiganes eller i Varmen. Rektignok hadde de mest pengar og finaste hus på Eiganes, men ein i Straen var liga møgje verd! I Stavanger eigde arbeidarane i egne hus og leigde ikkje i store leiegårdar som i Oslo og Bergen. Byens fyrste boligblokk måtte de venta på til i 1967! Sjølv om de stort sett tjente mindre i Stavanger enn i de to andre byane, blei det ikkje her på same måden ein eiendomslause klasse her. De så flytta til byen drog med seg idealå frå hjembygdå om å bu i eige hus helst med hageflekk. Derfor blei arbeidarane her ikkje i same grad sosialistar som i dei andre store, norske byane.

Beinet som svikta

Gjennom hundreåret var udviklingå nokså dramatiske for Stavanger. I 1917 tjente arbeidarane i Stavanger litt meir enn i Kristiania og ein halv gong meir enn i Trondheim – hermetikken saug til seg pengar. Men kriså i 1920-årå var djubare enn i någen aen by i landet. Her var det flest arbeidslause, og kver innbyggar tjente i gjennomsnitt dobbelt så møgje i Oslo og ein halv gong meir i Bergen og i de andre norske byane. Årsagå var enkel: Byen sto på ett bein – hermetikkindustrien. Det aller mesta blei sendt til udlandet, og når markedet der svikta, blei byen hardt ramma.

Etter den 2. verdenskrigen kom hermetikkindustrien og byen til hektene igjen. Krigen gjorde byen og folket gjeldfrie, og så var byens verft, Rosenberg, ein suksess. Der bygde de någen av de største tankskibå i verdå. Heile byen flagga når de blei sjøsette.

Rundt 1960 starta nedturen igjen: Meste adle hermetikkfabrikkane forsvant og de sleid på Rosenberg. I 1965 var siddisane på ny mellom dei fattigaste byfolka i landet.

Oljå

Men same året skjedde det någe viktigt:

  • Byen blei slådde samen med halve Hetland kommune og heila Madla og fekk ein haug med madjord å utvikla seg på,
  • udviklingå av Forus som industriområde starta
  • det dukka det opp någen løgne bådar med folk så snakka både fransk og amerikansk og som borte etter olja!
  • I 1966 dukka den fysste oljeplattformå opp i Dusavigå. Folk rista på håve,
  • Høsten 1969 skjedde miraklet: Det spruta opp olja ude på Ekofiskfeltet.

I 1971 starta produksjonen, og i 1972 blei byen udnevnt til oljehovedstad. Statoil blei lagt her til, og det blei bygd ud oljebasar i Risavigå og Dusavigå. Svere pengar rant i land og drog til seg folk både frå Norge og udlandet.

Derfor skaud folketalet i veret meir enn någen aen plass i landet. Stavanger og Sandnes vokste samen til ein by med Forus som sentrum. Frå å ha låge på botnen steig lønningane til topps i landet, og folk bygde seg svære hus og kjøpte dyre bilar.

Ittepå

Men historiå har vist siddisane at når du komme høgast opp, er det lengst å detta.

Av Birger Lindanger, historiker

Se video om forestillingen

  • velkommen til bords

    Møt regissør Tyra Tønnessen og resten av ensemblet i Julemiddag – forestillingen som kan sette hvem som helst i julestemning.

    Tyra Tønnessen og Julemiddag