Hopp til innhold
125 år
Svart hvitt-portrett av kvinne

Å lese Jeppe bokstavleg

I ei tid då sjølve opplsyningstanken møter motbør i falske nyheiter og konspirasjonsteoriar, trengst ein Ludvig Holberg meir enn nokon sinne, skriv Hilde Sandvik.

Dersom Ludvig Holberg hadde levd i dag, ville han då vore som Christian Lollike? For mitt indre auge har eg sett for meg den skjegglause mannen som vandra som backpacker rundt i Europa medan han skreiv, side opp og side ned til han kom til 20.000 sider – før han døydde i ein alder av 70 år midt på 1700-talet. Då som baron.

Lollike har laga sitt eige teater, publisert og produsert, lete nakne menn i burka stå på hovudet på scena, dikta fram ein kopulerande Donald Duck – og drive med folkeopplysning på sitt vis (i dobbelt betydning: halde på med og drive gjøn med). Fritenkar er han … 

Kven ville han ha vore i dag?

Men den dansk-norske Holberg mista faren då han var eitt år, han var morlaus sidan han var elleve. Alt familien måtte ha forsvann i ein bybrannen i Bergen. Vesle Ludvig – med den skavank at han ikkje «hadde noen sten (altså testikkel) på riktig plass», ifølge han sjølv – kven ville han ha vore i dag? Ville han heller ha vore ei Shabana Rehman, som full av sjukdom postulerte i debattråd til Ytringsfrihetskommisjonen at «Frihet, åpenhet og folkeopplysning finner alltid vei.»? Som løfta mullaer som ei anna Mor Nille? Og gjekk på ski over Grønland i staden for å gå under jorda som Niels Klim? Eller ville han ha vore ein hyperproduktiv Thomas Hylland Eriksen på speed og med litt meir komiske fakter enn sistnemnde? 

Ville vi ha kjent opplysningsmannen Ludvig Holberg igjen i ei tid der folkeopplysninga har trange tider, falske nyheiter og konspirasjonsteoriar spreier seg? Ville han ha snakka ut om den vonde tida på TV og om alle matallergiane sine? (Han tolte ikkje melk, mellom anna.) Ville han med sitt «pikelige ansikt» ha omtalt seg sjølv som skeiv, slik professor ved UiB Jørgen Sejersted har hevda ein gjerne kan seie om Holberg? Ein mann som høgt sannsynleg var jomfru heile sitt liv (igjen, ifølge Sejersted), men også ein som kunne skildre nærleik mellom menn og den feminiserte mannen.

Eller ville han ha vore Gunnhild Stordalen og gitt ut «Min medisin» som trebindsverk – der han siterte ein av sine eigne tallause epistlar: «Jeg er ingen elsker hverken af skørbug eller af feber. Derfor æder jeg lidt og bevæger mig jævnlig. Når jeg falder i en feber, skikker jeg mig deri, og det bedre end andre efterdi jeg selv ikke har forårsaget den, da man om de fleste andre febricitanter kan sige: løn som forskyldt.»

Ludvig Holberg
Ludvig Holberg (1684–1754)

Tankar, fordommar og jåleri

Sidan eg verken er historikar eller Holberg-kjennar gjer slike spørsmål at eg stadig kjem attende til denne mannen som mange meiner tok opplysningstidenes mange idear til Skandinavia: Krafta i resonnementa, det hysteriske, spegelen som kan vris mot alt det vonde og ufrivillig morosame som ligg i tragedien. Alt dette gjer at han framleis kan fortelje oss noko viktig: Om kor skrøpelege vi menneske er og tankar, fordommar og jåleri. Slik også med Jeppe på Bjerget frå 1722.

Men før vi borer oss ned i stakkar Jeppe, først ein liten omveg til Dannemark og Norges Beskrivelse, som er tittelen på eit av gigantverka han skapte medan han dreiv rundt i opplysningstidenes tankegods. Verket er ei skildring av tvillingrikets tilstand og kom første gongen ut sju år etter Jeppe på Bjerget, åtte år etter at Den Store Nordiske krig var avslutta. I Dannemark og Norges Beskrivelse omtaler han krigen som svenskanes «Udtog af Norden» og «De ulykkelige Kriege». Med det var Sverige detronisert som stormakt, fortrengt av Russland, og sjøhelten Tordenskjold var blitt berømt. For Danmark-Noreg var det smalhans, og det var dei vanlege folks tur til å bere byrdene. Menn var blitt utskrivne til militærteneste til lands og havs. Mange av dei hadde teneste på gardar, og då dei måtte ut i felt, blei mange gardar liggjande brakk. Og som alltid i krig, var det kvinnene som måtte forsørge familien.

– Nordmannen er meir drikkfeldig

Det er på ein slik gard på Sjælland at Jeppe er festebonde og mor Nille har forplikta seg til å sørge for at mannen gjer det han skal etter han kjem heim. Ti år har han kriga i Tyskland. Grufulle minne veltar over han medan han drikk seg dritings hjå Skomaker Jacob, som sel alkohol ulovleg.

Alt han skriv om det norske lynnet Dannemark og Norges Beskrivelse kunne han ha sagt om Jeppe. Nordmannen er meir drikkfeldig, han øydslar meir, er hissigare og meri retthaversk enn dansken, ifølge Holberg. Altså som Jeppe. Men nordmannen er også meir tru, tapper og oppfinnsam. Også som Jeppe. Alt dette skuldast at nordmenn lever under eit anna klima, ifølge Holberg, som likevel ser nordmenn og danskar som eitt folk.

Festebonden Jeppe er traumatisert. Han kjem frå krigen og har vore redd. Han drikk, han har ei kone som er utru og slår. Kva sjanse har han når han møter sitt Exit? For på Nationaltheatret minner baronen med følge om finansakrobatane i den norske TV-serien.

Eit slags «Farmen kjendis»

I Christian Lollikes versjon er det kanskje nettopp baronen som er norsk, han som har fått for mykje pengar mellom hendene, som kjedar seg – som er lei av å gli åkerlangs og sjekke om byggen gror som han skal. Baronfølget finn på ein frykteleg prank med den traumatiserte soldaten. Det utviklar seg til eit slags Farmen kjendis, der dei medverkande er villige til å gå så langt som helst for femten minutts berømmelse. Kven vil øydelegge ei god historie når kamera er skrudd på?

Jeppe vaknar med hangover i baronsenga og trur han har kome til Paradis. Sidan utviklar han seg til eit stadig dårlegare menneske. Som Holberg skriv i ein annan epistel: «Erfarenhed lærer også, at tvang tjener til intet uden at forøge deres frækhed». Den tvangen festebonden har levd under, piplar ut. Han blir ikkje berre frekk og ubehøvla. Han vil ha hemn.

Dette dobbelte: Kven står eigentleg att når Jeppe held fram med å drikke etter å ha blitt hengt? Og kva slags val har Nille i livet? I framsyningane eg har sett av Jeppe på Berget, er Nille hemngjerrig forlenging av Meister Erik, av pisken – ein komisk figur. Men korleis ho sjølv eigentleg har det etter ti år som åleinemor medan mannen er ute i krigen, har eg til gode å sjå interessante tolkingar av. Det forundrar meg. Sjølv hadde Holberg tru på kvinner, om ein tek det han skreiv alvorleg. Han ville langt heller henge i «fruentimmerselskab» og drive «pølsesnakk», kva no det tyder, enn i manneselskap på fritida. Og i heltediktet Peder Paars, som kom ut før Jeppe på Berget, stiller han følgjande skarpe spørsmål: 

Skal A, skjønt hun er vis, fordi hun er en kvinne, 

fordi hun går med skjørt, fordømmes til å spinne? 

Skal B, som er en narr, en drukkenbolt, et får, 

straks mester være, just for han med bukser går? 

I Jeppe på Bjerget er det ikkje mange meistrar, med unntak av pisken. Holberg sjølv er framleis ein underleg meister, og han visste det nok sjølv. Han skapte teater på nasjonalspråket som gav folk noko å tenkje på. Han var stolt av innsatsen sin (her i hans ortografi): «Jeg vil ikkum allene sige dette, at vore Danske Skuespill have omstødt disse Rigers Almue, ligesom udi en anden Form, og lært dem at raisonnere om Dyder og Lyder, hvorom mange tilforn havde kun liden Idee.», skreiv han.

La oss sjå Jeppe på Berget og så gå ut, resonnere om dyder og lydar og vurdere kva vi – allmugen – bør omstøde i oss sjølv eller i samfunnet – i møte med kynisme, med traumer eller med andre grimme speglbilete vi kjem til å få av oss sjølv der vi sit i publikum. I det minste bør vi no ha forstått kvifor Jeppe drikk.

Av Hilde Sandvik, programleiar i «Norsken, svensken og dansken»

Les mer om forestillingen

Forestilling
Portrett av mann som spiser en flaske

Jeppe på Berget

Ludvig Holbergs klassiske komedie i regi av den danske stjerneregissøren Christian Lollike.

Les mer