Main menu and utilities

Natta syng sine songar

Av Jon Fosse

«En Fosse-oppsetning vi aldri har hørt og sett maken til.»

Dagsavisen

Denne forestillingen er ikke lenger i spill. Trykk her for å se alle aktuelle forestillinger.

Premiere 3. april 2019 på Amfiscenen.

Framsyninga varer i omlag ein time og 40 minutt utan pause.

Fosse med fransk finesse

Norsk verdsdramatikk om kunst og livsløgn i ein poetisk utforskande versjon.  

Han er ein mislykka forfattar. Alt han skriv blir refusert. Men å skrive er det einaste han vil, det einaste han kan. No ligg han stort sett på sofaen og les. Tør ikkje ein gong å gå ut. Det passar dårleg som nybakt far og familiemann. 

Ho jobbar desperat med å skape ein heim, men føler seg isolert og fanga. Det vart ikkje som ho hadde sett for seg. Både han og ho vil noko anna, samtidig som dei veit at dei treng kvarandre. Situasjonen er fastlåst. Kvifor orkar ingen kome på besøk lenger? Og kven liknar den vesle guten eigentleg på?

I 2019 fyller ein av vår tids største dramatikarar, Jon Fosse, 60 år. Natta syng sine songar er eit av hans tidlege stykke, og tar for seg eit ungt par som kjempar og navigerer seg gjennom alt som blir sagt – og ikkje blir sagt.

No møter Fosses poetiske realisme den franske regissøren Laurent Chétouane sitt fysisk og musikalsk utforskande uttrykk. I denne versjonen er den unge mannen ein refusert dramatikar som skriv om eigen familie. Spørsmålet er om han er eit uoppdaga talent, eller ikkje. Har han noko meir å by verda – og familien – på?

Saman med eit knippe skodespelarar skal Chétouane forske i eit scenespråk i grenselandet mellom tekst og partitur, for å gi deg sin heilt særeige versjon av Jon Fosses såre og desperate stykke om dei håplaust håpefulle.

Sagt om forestillingen

Anmeldelser

  • «Nyskapende teater, slik vi alltid lengter etter (...) Trist, men også forferdelig morsomt!»

    Dagsavisen
  • «Eksistensielt, morsomt – og et frekt scenisk kunstverk. «Natta syng sine songar» er et perfekt vorspiel til Jon Fosses 60-årsjubileum.»

    Aftenposten
  • «Laurent Chétouane tilfører det karakteristiske stillestående Jon Fosse-universet en dimensjon jeg ikke har sett i noen annen oppsetning av denne dramatikeren.»

    Scenekunst.no
  • «Godt skodespel. Det er spanande å sjå Fosse på denne måten.»

    NRK
  • «En elegant, vakker og spørrende forestilling.»

    Vårt Land
  • «Møtet mellom Jon Fosses tekst, Laurent Chétouane, skuespillerne og ikke minst rommet på Amfiscenen på Nationaltheatret fungerer svært godt.»

    Shakespearetidsskriftet
  • «Bekmørk tragedie [smelter] sammen med lattervekkende komedie.»

    Morgenbladet

Sjå video

  • – Ein vakker motsats

    Sjå intervju med skodespelarane Marte Engebrigtsen og Nils Golberg Mulvik.

Eg held det ikkje ut lenger Nei eg orkar ikkje Vi kan ikkje leve slik som dette Du ligg der og les Du går ikkje ut Du gjer ikkje noko Ikkje har vi pengar Ikkje har du arbeid Ikkje noko har vi

Fra «Natta syng sine songar» av Jon Fosse

Produksjonslag

Produsent: Runi Sveen.

Inspisient: Kine Sørbøe. Scenemeister: Kjell Gunnar Høen. Lysmeister: Lisa Lind. Lydansvarleg: Kai Priddy. Produksjonsansvarleg kostyme: Liv M. Tønnessen. Rekvisitør: Eva Hauge. Sufflør: Lise Roesen. Informasjonsansvarleg: Monica Lindanger. Marknadsansvarleg: Jan Lier.

Colombine Teaterförlag