Barnet er heime

For 20 år sidan hadde Barnet urpremiere på Nationaltheatret. Då var Jon Fosse i startfasen på det som skulle bli ein uvanleg dramatisk raptus. No er Barnet heime igjen som ung vaksen, skriv forfattar og redaktør Cecilie N. Seiness.
Cecilie Seiness og Jon Fosse

Barnet er historia om Agnes og Fredrik som møtest i eit busskur, som blir glade i kvarandre, ventar barn, men som opplever at livet ikkje alltid går slik ein ønskjer. «Jeg nøler ikke med å si at hans dramatikk er noe av det mest oppløftende som har skjedd i norsk teater på lang tid», skreiv den gong teatersjef Ellen Horn i programmet. Sidan urpremieren under Ibsenfestivalen i 1996 har Barnet farta på eiga hand i inn- og utland. Stykket har blant anna blitt sett opp i London, Stockholm, Åbo, Budapest, Hamburg, Berlin, Paris, Santiago, Stavanger, før det no er heime igjen som ung vaksen.  

Les meir om framsyninga Barnet her.

Den gong for 20 år sidan var Jon Fosse i startfasen på det som skulle bli ein uvanleg dramatisk raptus. Berre tre år tidlegare hadde Fosse skrive teater for første gong. Fosse var då ein blakk forfattar, og pengar var den viktigaste grunnen til at han prøvde å skriva for teater. Til då hadde han markert seg særleg med romanar og lyrikk, men teater hadde han absolutt ikkje noko ønske om å skriva. Men då Fosse prøvde, glei det merkeleg lett å skriva replikkar. Fosse har skildra det å skriva dramatikk for første gong som «den største openberringa i mitt forfattarliv». Det aller første stykket han skreiv, var Nokon kjem til å komme. 

Barnet

Barnet kom til ved at Ellen Horn spurde regissør Kai Johnsen om han ville setja opp Lille Eyolf av Ibsen, men Johnsen sa nei. Regissør Johnsen og Fosse var på denne tida nærast eit teaterpar. Johnsen hadde alt regissert to Fosse-stykke i Bergen. Johnsen ville heller invitera Fosse til å skriva med utgangspunkt i Ibsen. Fosse skreiv ein tekst som skulle vera ein merknad til Ibsens Brand. Han las sakte og sikkert gjennom Brand før han skreiv stykket. Stykka har sine møtepunkt, men Barnet er eit sjølvstendig verk. Då Ellen Horn las Barnet for første gong, vart ho begeistra og bestemte at stykket skulle setjast opp. «Det ble et beveget første møte med en vakker tekst. Så dyp og så rørende i sin beskjedne enkelhet. Så mesterlig i behandlingen av livets store spørsmål», skreiv Ellen Horn seinare.

Fosse tykte den gong det var aldeles utruleg at Nationaltheatret sleppte han inn, at dei ville spela samtidsdramatikk på nynorsk. Teateret valde dessutan å spela Fosse-stykket med vestnorsk tone. Premieredagen 4. september 1996 kunne ein lesa dette i Bergens Tidende: «Då eg såg plakaten for Ibsenfestivalen inne i Oslo med Henrik Ibsen på den eine sida og Jon Fosse på den andre; då tenkte eg: nei, no får du sjå til å komme deg heim, Jon!» Å få innpass på Nationaltheatret var ein milepåle for dramatikaren Fosse. Barnet vart også starten på den enorme internasjonale suksessen. Stykket var det aller første Fosse-stykket som vart spelt utanlands. I oktober 1997 vart det sett opp på vesle Teater Giljotin i Stockholm. Teaterkritikaren Leif Zern i Dagens Nyheter anbefalte folk å sjå stykket og skreiv: «Här visar sig Gud i tomheten, i tysnaden mellan orden.» 

Barnet

I det ytre er stykket nærast realistisk, eit familiedrama. Det handlar om store spørsmål, kjærleik og død, om å møta og mista, einsemd og fellesskap, om trua på Gud. Det handlar om menneske på flyttefot, om møte mellom generasjonar. Det er lett gjenkjenneleg og forståeleg i motsetning til kva ryktet seier om Fosse. Barnet er eit tidleg teaterstykke i den store produksjonen. Fosse har i diktinga si gått «frå sofa til spøkelse». I Barnet er det framleis «sofa» som gjeld, diktinga er i alle fall i det ytre realistisk. Seinare held teaterstykka til Fosse seg i ein mellomtilstand, mellom liv og død. Stykka etterliknar ikkje noko ytre. Men sjølv om dei tidlege teaterstykka kan sjå ut som familiedrama i det ytre, så er det alltid noko anna det har dreidd seg om. Diktinga bør vera like enkel og ubegripeleg som livet, har Jon Fosse sagt. 

Sidan Barnet reiste utanlands første gong har Fosse fått innpass i stadig nye land. Kring tusenårsskiftet kom det store internasjonale gjennombrotet, då Fosse-stykke vart sette opp av leiande regissørar i Frankrike og Tyskland. Fosse sjølv har langt frå sett alle produksjonane. Historiene lever sine eigne liv. Dei over 30 teaterstykka er omsette til over 40 språk og er sette opp meir enn tusen gonger over heila verda. I dag bur Fosse i Statens kunstnarbustad Grotten og er eit sjølvsagt namn i samband med Nobelprisen i litteratur. Den dramatiske raptusen er over. I dag konsentrerer Fosse seg om prosa, langsam prosa, som han kallar det. Men alle teaterstykka fartar framleis. Heldigvis har Barnet teke seg ein tur heimom. 

Cecilie N. Seiness er redaktøren til Jon Fosse på Det Norske Samlaget og har skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord.

Relaterte Artikler