Barnet

Av Jon Fosse
Terningkast 5 «De såre, nære ting.» Dagbladet
Terningkast 5 «Dramatikken, og for all del humoren som det er rikelig av, ligger i alt som ikke sies – og det usagte høres like sterkt og tydelig som det sagte.» Aftenposten
Terningkast 6 «Når du får lyst til å omfavne personene på scenen i et inderlig håp om at de skal mestre livet sitt, tyder det på at stykket griper.» Kulturkritikk.no

National Spesial Intro: Få med deg gratis introduksjon før framsyninga i Publikumsfoajeen: 3. april med dramaturg Olav Torbjørn Skare, og 4. april med regissør Anne-Karen Hytten.

Ei mild og vàr forteljing i skjeringspunktet mellom djupt alvor og humor.

To unge einsame menneske, Fredrik og Agnes, kjem frå livets skyggeside og møtest i eit busskur. Dei finn trøyst i og blir glade i kvarandre – og snart ventar dei barn. Men graviditeten går ikkje som planlagt, og dei to må halde fast i trua på kvarandre og at livet kan vere godt.

Det er over 20 år sidan Nationaltheatret sette opp Jon Fosse for første gong: Barnet, inspirert av Ibsens Brand, vart urframført under Ibsenfestivalen 1996. Fosse er noko så sjeldan som ein levande klassikar, og det er Anne-Karen Hytten som sit i registolen når Barnet no vender tilbake dit det starta. Dette er ei hudlaus, mild og vàr personleg historie i skjeringspunktet mellom poesi og realisme, mellom humor og djupt alvor. Med Milja Salovaaras scenografi og Nils Øklands musikk, blir nye rom og nye tonar skapte i dette vakre og heilt eigne universet.

Barnet er sant menneskeleg og attkjenneleg, det er rikt og enkelt på same tid: Det handlar om livet, døden og kjærleiken. Om å leggje ting bak seg, men òg om trøyst – og håp om eit betre liv.

Med: Hermann Sabado, Hanne Skille Reitan, Duc Mai-The, Ågot Sendstad, Andrea Bræin Hovig og Nils Golberg Mulvik.

Regissør: Anne-Karen Hytten. Scenograf og kostymedesignar: Milja Salovaara. Komponist: Nils Økland. Lysdesignar: Antonio R. Andersen. Maskør: Hege Ramstad. Dramaturg: Olav Torbjørn Skare.

– Eg krangla nok litt med Ibsen då eg skreiv Barnet, medgir dramatikar og forfattar Jon Fosse til dramaturg Olav Torbjørn Skare. Sjå heile intervjuet her:

Få ein smakebit frå framsyninga:

Cecilie Seiness og Jon Fosse
Cecilie Seiness er redaktøren til Jon Fosse på Det Norske Samlaget og har skrive boka Jon Fosse. Poet på Guds jord. Les programartikkelen hennar Barnet er heime her.

Høyr komponist Nils Økland i Spillerom på NRK P2 her

  • Premiere på Amfiscenen 12. januar 2017.
  • Varer i omlag ein time og 30 minutt.
url: &seaindex=1413
ok The response contains 1 table(s) and 319 rows seaindex=1413 eventlist xml SeaIndex = 1413 PerTime,ShoName

Program

    Kunstnerisk team

    Anne-Karen Hytten Regissør
    Milja Salovaara Scenograf og kostymedesignar
    Nils Økland Komponist
    Antonio Rodrigues-Andersen Lysdesignar
    Hege Ramstad Maskør
    Olav Torbjørn Skare Dramaturg

    Pressebilder

    Barnet
    Hermann Sabado og Hanne Skill...
    Barnet
    Duc Mai-The og Hermann Sabado...
    Barnet
    Hermann Sabado og Hanne Skill...
    Barnet
    Ågot Sendstad. Foto: Marte Ga...
    Barnet
    Nils Golberg Mulvik og Herman...
    Barnet
    Hanne Skille Reitan, Andrea B...
    Barnet
    Hanne Skille Reitan og Herman...
    Barnet
    Hermann Sabado og Hanne Skill...
    Barnet
    Barnet. Foto: Øyvind Eide.

    Relaterte Artikler